Velkommen til FoU-verkemiddeldag for næringslivet i Nordfjord

Har du planar om å utvikle noko nytt, og lurer på om SkatteFUNN eller ei anna FoU-finansieringsordning er noko for di bedrift? Kom og lær om ulike moglegheiter, få tips til korleis komme i gang, og høyr frå bedrifter i vår region som har lukkast med bruk av FoU.

Velkommen til ein dag med inspirasjon og informasjon om moglegheiter for finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og andre regionale, nasjonale og internasjonale ordningar for FoU.

Mange bedrifter sit på eit potensial for auka verdiskaping men som kan krevje eit FoU-arbeid for å realisere. Kanskje opplever mange ein høg terskel for å nytte støtteordningar for å gjennomføre lønsame utviklingsprosjekt? På denne samlinga vil vi gjere terskelen lågare og legge til rette for at bedrifter kan komme i gang.

Forsking og innovasjon i praksis

Du vil få presentert praktiske eksempel frå bedrifter i vår region som har fått resultat av å tenke nytt, og som delar av sine erfaringar med bruk av FoU.

Frode Lindvik i Bano-gruppen fortel om deira 10 år lange erfaring med SkatteFUNN og om samarbeid med forskarar i innovasjonsprosjektet "NORSealast AF". Jon-Rune Heimlid i Nomek deler sine erfaringar med SkatteFUNN, og fortel om korleis og kvifor dei arbeider med innovasjon og utvikling.

Mingling, ein-til-ein samtalar eller prosjektverkstad

Dette er òg ein anledning til å treffe kollegaer og samarbeidspartnarar frå næringslivet. Etter lunsj legg vi opp til mingling og ein-til-ein samtalar med rådgjevar. Du kan òg ta med deg prosjektidéen din, og få råd til utfylling av søknadsskjema og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt.

Rådgjevarar frå Forskingsrådet, det regionale EU-nettverket, forskarar i Teknoløft-prosjektet til Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking, og kompetansemeklarar frå fylkeskommunen sitt VRI4-prosjekt (Verkemiddel for regional innovasjon) er tilgjengeleg gjennom dagen.

FoU-verkemiddeldagen er arrangert av Stad Vekst, Stryn Næringssamskipnad, Gloppen Næringsorganisasjon, Teknoløft Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune sitt VRI4-prosjekt og Noregs forskingsråd.

Velkommen!

Om innleiarane

Frode Lindvik er konserndirektør i Bano-gruppen. Han har 10 års erfaring med bruk av SkatteFUNN som verkemiddel for innovasjon, og er godt i gang med innovasjonsprosjekt med finansiering frå Forskingsrådet. Lindvik deler sine erfaringar med bruk av FoU-verkemiddel og samarbeid med forskarar.

Jon-Rune Heimlid er dagleg leiar i Nomek AS. Bedrifta har nytta SkatteFUNN i fleire prosjekt og vil dele sine erfaringar med ordninga. Heimlid fortel om korleis og kvifor dei satsar på innovasjon og utvikling.

Merete Lunde er regionansvarleg i Forskingsrådet, og har erfaring med forsking og innovasjon både frå næringsliv og akademia. Ho vil gi ein introduksjon til Forskingsrådet sine ulike finansieringsløysingar for FoU i næringslivet.

Paul Jacob Helgesen er forretningsutviklar i Segel AS og kompetansemeklar i fylkeskommunen sitt VRI4-prosjekt (Verkemiddel for regional innovasjon) sidan 2017. Han vil informere om regionale ordningar for å komme i gang med FoU og gi nokre eksempel på korleis det kan gjerast i praksis.

Ida Tidemann-Andersen er EU-rådgjevar i Vestlandsforsking og prosjektleiar for det regionale EU-nettverket for Sogn og Fjordane og vil gi ein oversikt over aktuelle ordningar og moglegheiter for internasjonalt FoU-samarbeid.

Påmeldingsskjema

Informasjon

Tid
Onsdag 11. mars 2020 kl. 09.00 - 15.00
Påmeldingsfrist
Måndag 2. mars 2020 kl. 00.00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

SkatteFUNN og FoU som verktøy for innovasjon i næringslivet

Velkommen til ein dag med inspirasjon og informasjon om moglegheiter for finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt!

Tid Program
09.00 – 12.00 SkatteFUNN og FoU som verktøy for innovasjon
09.00 Kaffien står klar!
09.30 Velkommen, ved Olav Hjelle, Stad Vekst
09.40

FoU som verktøy for innovasjon.

SkatteFUNN og andre finansieringsordningar i Forskingsrådet for næringslivet, ved Merete Lunde, regionansvarleg i Forskingsrådet

10.20

Forsking og innovasjon i praksis.

·         FoU som suksessfaktor i Bano og Stukturplast, ved Frode Lindvik, konsernsjef i Bano-gruppen

·         Korleis arbeider vi med innovasjon og utvikling i Nomek, ved Jon-Rune Heimlid, dagleg leiar, Nomek

11.10 Pause/beinstrekk
11.20

Korleis komme i gang med FoU?

·         Moglegheiter i EU sitt forskingsprogram Horisont 2020. Ida Tidemann-Andersen, Vestlandsforsking, prosjektleiar for det regionale EU-nettverket

·         Erfaring med regionale ordningar for FoU. Paul Jakob Helgesen, Segel AS

12.00 – 13.00 Lunsj
13.00 – 15.00 Kom i gang med ditt prosjekt!
13.00 Spørsmål, oppsummering frå formiddagen og tips til korleis komme i gang med prosjektutvikling, ved Merete Lunde, Forskningsrådet
13.30

·         Mingling

·         Lufting av nye idear til eigne prosjekt og samarbeidsprosjekt, eller arbeid med prosjektutvikling for dei som allereie har ein ide om eit nytt produkt, ny teneste eller ny prosess.

·         Ein-til-ein møter

Meld gjerne frå i påmeldingsskjemaet om du ønskjer ein-til-ein møte med rådgjevar.

15.45 – 15.00 Oppsummering, vegen vidare og vel heim!

 

 

Kontakt

Merete Lunde

spesialrådgjevar

Regionansvarlig Sogn og Fjordane

Mobil: 99607678

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}